Yrkestransportlov

(De som gjelder for drosje.)

§ 1.Kva lova gjeld (virkeområde)

(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.

(2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.

(3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.

§ 4.Løyve for persontransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.

(2) Løyve kan tildelast den som

a)driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,

b)har god vandel,

c)har tilfredsstillande økonomisk evne, og

d)har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).

§ 9.Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha særskilt drosjeløyve. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.

(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 75 år.

(3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at det skal skipast drosjesentralar og om korleis dei skal drivast, om plikt til å betale innskot og avgift til sentralen og om at sentralen skal ha rett til å fastsetje køyreordninga og gje andre reglar for verksemda. Slike føresegner kan gjerast gjeldande både for løyvehavar og førar, og ha med pålegg om bruk av uniform.

(4) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at drosjekøyring etter første ledd skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på minst fire år for å oppfylle krava. Løyvestyresmakta fastset forskrift om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp.

(5) Departementet kan gje forskrifter om andre særskilte løyveordningar for persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 17 personar.

(6) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.

§ 12.Løyve

(1) Løyve etter §§ 4 og 5 vert gjevne av Statens vegvesen.

(2) Løyve etter § 9 vert gjevne av fylkeskommunen.

§ 18 Eigentransport av peronar

Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå arbeidsstaden. Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester. § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

§ 25.Tildeling av løyve

Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova. Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

§ 26.Politiattest

Det skal krevjast ordinær politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

§ 27.Kor lenge eit løyve gjeld

(1) Løyve etter §§ 4 og 5 gjeld i ti år.

(2) Løyve etter § 9 gjeld utan avgrensing i tid, jf. likevel § 9 andre ledd.

(3) Behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld. Løyve som er gjeve når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei er gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med innføring av konkurranse for vedkommande rute eller ruteområde.

(4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve. Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.

 

0Endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672), 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).

§ 28.Overføring av løyve mv.

Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta.

 

§ 29.Tilbakekalling av løyve

(1) Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.

(2) Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet. Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs. Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel. Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr.

(3) Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyvehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta.

(4) Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.

§ 29 a.Elektronisk register over dei som har og dei som søkjer om løyve etter lova her

(1) Departementet skal opprette og drive eit elektronisk register over dei som har forretningsstad i Noreg, og som har eller som søkjer om løyve etter lova her. Registeret skal innehalde opplysningar knytt til løyve, mellom anna opplysningar om namn og juridisk form på verksemda, verksemda si adresse, namn på transportleiarar og løyvetype som er tildelt verksemda. I tillegg skal registeret innehalde opplysningar om vandel knytt til person og verksemd.

 

(2) Registeret skal koplast saman med dei elektroniske registra i dei andre EØS-landa for utveksling av informasjon etter vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

(3) Departementet kan gje nærare forskrift om registeret.

 

0Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).

§ 30.Merking av motorvogn

Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

§ 31.Gebyr

(1) Departementet kan fastsetje i forskrift at det skal betalast gebyr for

a)utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova

b)avvikling av løyveeksamen og utferding av kompetansebevis.

(2) Departementet kan òg fastsetje i forskrift at den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn og fartøy i rute, skal betale gebyr for tilknyting til og bruk av elektroniske støttesystem for billettering. Gebyret skal ikkje overstige kostnadene til utvikling og drift av elektroniske støttesystemer for billettering. I forskrifta kan departementet gje nærare føresegner om gebyrordninga, mellom anna om fastsetjing og innkrevjing av gebyr.

0Endra med lover 5 mai 2017 nr. 249 juni 2017 nr. 40.

§ 32.Plikt til å gje statistikk mv.

(1) Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.

(2) Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.

 

§ 32 a.Passasjerrettar

(1) Departementet kan gje forskrift om gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-avtalen.

(2) Departementet kan peike ut bussterminalar som skal tilby assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, og kan gje nærare forskrift om slike ordningar.

(3) Departementet kan gje forskrift om skiping av eit klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane. Departementet kan gje forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane. Departementet kan òg gje forskrift om innkrevjing av gebyr og forskrift som nemnt i luftfartsloven § 10-44 andre ledd første punktum og andre punktum nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6. Reglane i luftfartsloven §§ 10-45 til 10-47 gjeld tilsvarande. Avgjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande.

(4) Departementet kan fastsetje at den som mot vederlag driv persontransport i rute med motorvogn i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd.

(5) Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglar gjevne i, eller med heimel i, første til fjerde ledd vert følgde. Handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på reglane i første til fjerde ledd. Departementet kan gje forskrift om at handhevingsorganet utan omsyn til teieplikta kan krevje innsyn og informasjon frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har pliktar overfor passasjerane.

§ 37 a.Virkeområde

Førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma, må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førarkort.

Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur. Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad, jf. likevel § 37 c fjerde ledd.

Kjøresetel blir utferda for 10 år. For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for 5 år, men ikkje lenger enn til innehavaren fyller 75 år. Etter fylte 70 år må gyldig legeattest som ikkje er eldre enn 1 år, takast med for at kjøresetelen skal vere gyldig. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig for setjast kortare.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 juli 2009), 23 jan 2015 nr. 6.

§ 37 b.Søknad om kjøresetel m.m.

Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel.

 

Det blir stilt same krav til helse m.m. som for førarkort klasse D og DE. Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.

Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

§ 37 c.Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.

Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar av slik motorvogn som nemnd i § 37 a.

 

For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for

a)EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin,

b)utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet,

 

c)utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.

For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene. For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.

 

Politimeisteren eller den han gir myndigheit kan bestemme at det for å få kjøresetel for drosje kan krevjast avlagt prøve som viser tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet. Er slikt vedtak sett i verk, gjeld ikkje kjøresetel frå anna politidistrikt utan påteikning frå politiet om at vedkommande har stått til kjentmannsprøven.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lov 23 jan 2015 nr. 6.

§ 37 d.Mellombels nekting av kjøresetel

Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

§ 37 e.Beslag av kjøresetel

Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehavaren. Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta. Avgjerda skal gjerast skriftleg. Dersom den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

§ 37 f.Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag

Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje er edrueleg eller viser seg å vere upåliteleg eller å ha andre eigenskapar som gjer at han må reknast som uskikka til å vere førar av bil under persontransport mot vederlag.

 

Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

§ 37 g.Innlevering av kjøresetel

Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til politiet.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

 

§ 37 h.Klage og unntak

For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans. I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Helsedirektoratet om helsemessige tilhøve. Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av regionvegkontoret, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Vegdirektoratet. For vedtak treft av regionvegkontoret er Vegdirektoratet klageinstans.

Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra med lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010).

§ 37 i.Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.

Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades.

Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f. Dersom særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minstetida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.

0Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

§ 37 j.Forskrift om kjøresetel

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om kjøresetel.

0Føyd til med lov 23 jan 2015 nr. 6.

Kap. 8. Kontroll, sanksjonar mv.

§ 38.Kontrolldokument

Førar av motorvogn eller fartøy i løyvepliktig transport eller løyvefri eigentransport, skal på kvar einskild transport ha med seg dei legitimasjonane som det er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, Statens Vegvesen eller annan offentleg tenestemann som departementet gjev rett til å føre kontroll etter denne lova.

§ 39.Kontroll av eigentransport

Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, kapell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

 

§ 40.Forbod mot å bruke køyretøy mv.

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden.

(2) Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden.

(3) Vert det sett forbod mot å bruke eit køyretøy, kan kjennemerke og vognkort inndragast med det same.

(4) Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring. Vert køyretøyet ikkje henta innan 3 månader etter at forbodstida har gått ut, kan det verte seld når eigaren har fått melding om det i rekommandert brev. Reglane i vegtrafikkloven § 37 fjerde ledd, tredje punktum og femte til sjuande ledd gjeld tilsvarande.

§ 40 a.Lovbrotsgebyr

(1) Den som med vilje eller aktløyse bryt § 38, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket. Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person. Med føretak er her meint selskap, enkeltmannsføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd. Lovbrotsgebyr kan påleggjast av tenestemann frå politiet og Statens vegvesen, eller av annan offentleg tenestemann som departementet har gjeve rett til å føre kontroll etter denne lova.

(2) Når ikkje anna er bestemt, er fristen for å betale lovbrotsgebyr fire veker.

(3) Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.

(4) Departementet kan gje forskrifter om fastsetjing og gjennomføring av pålegg om lovbrotsgebyr. Forskriftene kan innehalde reglar om rente og tilleggsgebyr dersom lovbrotsgebyr ikkje blir betalt ved forfall, og om at også andre enn den som er pålagd sanksjonen, er ansvarleg for at dette blir betalt.

0Føyd til med lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010, men slik at lovbrotsgebyr berre kan påleggjast for brot på § 38 som har skjedd etter 1 jan 2010).

§ 40 b.Lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar

(1) Departementet kan påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr dersom oppdragsgjevaren bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i prosessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter lova her. Lovbrotsgebyret kan verte pålagt dersom eitt av følgjande vilkår er oppfylt:

a)brotet er konstatert ved rettskraftig dom i ein norsk domstol,

b)brotet er konstatert ved dom i EFTA-domstolen, eller

c)norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka er handsama i EFTAs overvakingsorgan. Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å uttale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr.

(2) Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien.

(3) Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.

(4) Fristen for å betale lovbrotsgebyret er åtte veker frå vedtaket vart gjort.

(5) Avgjerd om å påleggje lovbrotsgebyr etter denne føresegna skal følgje reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova så langt dei høver. Dersom ei avgjerd om lovbrotsgebyr vert bringa inn for ein domstol, kan domstolen prøve alle sidene av saka. Retten kan gje dom for realitet.

(6) Lovbrotsgebyr kan ikkje påleggjast seinare enn tre år etter at kontrakten vart inngått. Fristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved norsk domstol eller ved EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at EFTAs overvakingsorgan tek opp saka skriftleg med norske styresmakter.

(7) I tilfelle der departementet sjølv eller eit anna statleg organ som er underlagt departementet gjer brot som nemnt i første ledd, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Avgjerd frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser om å påleggje lovbrotsgebyr kan ikkje påklagast.

(8) Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna her.

0Føyd til med lov 11 des 2015 nr. 102.

 

§ 41.Straff

Om nokon med vilje eller aktløyse bryt denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er også straffbart.

0Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

§ 42.Iverksetjing. Overgangsføresegner

1.Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.​1

2.Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.

1Frå 1 jan 2003 iflg. res. 20 des 2002 nr. 1695.

 

§ 43.Endringar i andre lover

Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

§ 1.Kva lova gjeld (virkeområde)

(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.

 

(2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.

 

(3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.

§ 4.Løyve for persontransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.

 

(2) Løyve kan tildelast den som

a)driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg,

b)har god vandel,

c)har tilfredsstillande økonomisk evne, og

d)har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

0Endra med lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).